Hopp til hovedinnhold

3:14 (2023−2024) / Offentliggjort Styresmaktene sitt arbeid med å redusere forseinkingar og innstillingar på jernbanen

Det blir stadig fleire forseinkingar og innstillingar på jernbanen. Hovudårsaka er feil i infrastrukturen. Dei som bruker jernbanen, står igjen med eit dårlegare togtilbod.

Kort bakgrunn

  • Det har vore eit mål over mange år å skape eit godt togtilbod for både innbyggarar og næringsliv, men forseinkingar og innstillingar har lenge vore ei utfordring.
  • Det er viktig for brukarane at toget kjem og går når det skal.
  • Dei siste åra har Stortinget løyvd mykje pengar til investeringar, drift, vedlikehald og fornying på jernbanen. Frå 2016 til 2024 vart løyvingane nær dobla.
  • Undersøkinga omfattar perioden 2016 til 2023.

Overordna vurdering

  • Ikkje tilfredsstillande
  • Kritikkverdig
  • Sterkt kritikkverdig

Det er kritikkverdig at ein stor del av toga ikkje er i rute, og at omfanget av forseinkingar og innstillingar på jernbanen har auka.

Det er også kritikkverdig at

  • det i fleire år har vore rapportert om dårleg måloppnåing og auka omfang av forseinkingar og innstillingar utan at Samferdselsdepartementet har gjennomført tilstrekkelege tiltak for å nå måla
  • jernbaneinfrastrukturen er dårleg halden ved like og manglar fornying
  • aktørane og bruken av verkemiddel har vore for dårleg samordna
  • dei økonomiske insentiva i for liten grad har bidrege til å førebyggje driftsavvik

Tilrådingar

Vi tilrår at Samferdselsdepartementet følgjer opp den dårlege måloppnåinga med fleire tiltak som kan bidra til å redusere forseinkingar og innstillingar.

Vi tilrår også at departementet sørgjer for at

  • Bane NOR bruker løyvde midlar til å gjennomføre vedlikehalds- og fornyingstiltak som har størst effekt på driftsstabiliteten
  • aktørane får verkemiddel og insentiv som fremjar ein punktlegheitskultur i jernbanesektoren
  • styringa og samordninga blir betre
  • ruteplanen er robust

Til behandling i Stortinget

Vi leverte undersøkinga til Stortinget 30. mai 2024.

Følg saka på stortinget.no
Kategorier: Samferdsel

Spørsmål?

Bilde av Siri Bentserud Wingerei

Siri Bentserud Wingerei

Kommunikasjonssjef

990 39 479 sbw@riksrevisjonen.no
Bilde av Annette Gohn-Hellum

Annette Gohn-Hellum

Ekspedisjonssjef

911 97 817 ago@riksrevisjonen.no