3:9 (2008-2009) / Offentliggjort Undersøking av korleis Miljøverndepartementet varetek det nasjonale ansvaret sitt for freda og verneverdige bygningar
Det er stor risiko for at verne- og fredingsverdige bygningar går tapt.
Det er vesentlege svakheiter i korleis Miljøverndepartementet varetek sitt overordna nasjonale ansvar for freda og verneverdige bygningar. Undersøkinga viser:
- Manglande bruk av verkemiddel i plan- og bygningslova for å hindre tap av bygningar
- Lite bruk av freding som verkemiddel for å sikre eit representativt utval bygningar
- Mangelfull informasjon om teknisk tilstand til freda bygningar
- Det er uklart korleis ein skal forstå og følgje opp vedtektene i kulturminnelova om at alle samiske bygningar eldre enn 100 år, automatisk er freda.