Hopp til hovedinnhold

Dokument 3:6 (2017–2018) / Offentliggjort Undersøking av korleis verjemålsreforma er sett i verk

Verjemålsreforma skal betre rettsforholda for dei som treng verje, men problem med eit nytt saksbehandlingssystem har forseinka gjennomføringa av fleire sentrale tiltak.

Funn

  • Ikt-problem har forseinka gjennomføringa av verjemålsreforma
  • Det er manglar i tilpassing av verjemål ut frå behov hos den verjetrengande
  • Fylkesmannen manglar oversikt over gjennomførte opplæringstiltak for dei enkelte verjene og ein einskapleg systematikk for tilsyn med verjer.
  • Fylkesmannen avdekkjer ofte feil i verjerekneskapar.
  • Det finst ikkje statistikk over kor mange verjer som er fråtekne oppdraget. Nokre fylkesmenn har etter kontroll av verjerekneskapane teke oppdraget frå meir enn 50 verjer sidan 2013, medan éin fylkesmann ikkje har teke oppdraget frå nokon.
  • Det manglar nasjonale retningslinjer på sentrale område.
  • Potensialet for betre rettstryggleik blir ikkje utnytta godt nok.
  • Det er manglar ved styringsinformasjon og tilsyn med fylkesmennene.

Tilrådingar

Riksrevisjonen tilrår at Justis- og beredskapsdepartementet

  • tek initiativ til at Statens sivilrettsforvaltning utviklar nasjonale retningslinjer på sentrale område innanfor verjemål, mellom anna retningslinjer for samtykkekompetanse og individtilpassing
  • sørgjer for at Statens sivilrettsforvaltning får på plass eit systematisk tilsyn med fylkesmennene på verjemålsområdet
  • ber Statens sivilrettsforvaltning sørgje for at fylkesmannen dokumenterer vurderingane som ligg til grunn for individtilpassing, slik at mandata for verjeoppdraga ikkje blir meir omfattande enn nødvendig
  • i samarbeid med Statens sivilrettsforvaltning vurderer korleis fylkesmannen kan betre tilsynet med verjeoppdrag og kontroll av verjerekneskapane

Bakgrunn og mål for undersøkinga

Med ny lov om vergemål frå 1. juli 2013 blei det lokale ansvaret for verjetrengande overført frå kommunane til staten. Per 1. januar 2016 hadde om lag 64 000 personar verje, og det var nærare 46 000 verjer. Dei fleste verjene er familie eller andre nærståande. Fylkesmannen skal gi verjene nødvendig opplæring, rettleiing og støtte, og føre tilsyn med verjene. Statens sivilrettsforvaltning skal føre tilsyn med fylkesmannen. Undersøkinga omfattar perioden 2013–2017.

Målet med undersøkinga har vore å vurdere innføringa av verjemålsreforma ut frå måla frå Stortinget om auka rettslikskap og rettstryggleik for menneske som ikkje er i stand til å sørgje for sine eigne interesser, og årsaker til eventuelle manglar på området.

Denne saken er ferdigbehandlet av Stortinget

Saken ble behandlet i Stortinget 29. mai 2018.

Les mer på stortinget.no
Kategorier: Familie/barn Helse