Hopp til hovedinnhold

Dokument 3:4 (2016-2017) / Offentliggjort Undersøking av digitalisering av kulturarven

Trass i målet frå Stortinget om best mogleg tilgang til kulturarv, er størsteparten av samlingane i norske kulturinstitusjonar framleis ikkje digitaliserte. Konsekvensen er at kulturarv kan gå tapt.

Funn

Ein stor del av kulturarven er framleis ikkje digitalisert

  • Det har vore vekst i både kor mykje og kor stor del av materialet som er digitalisert, men berre Nasjonalbiblioteket har ei framdrift som er i tråd med ambisjonane i digitaliseringsmeldinga.
  • Arkivverket vil ikkje nå sin ambisjon om å digitalisere 10 prosent i overskodeleg framtid med framdrifta dei har i dag.
  • Heile 27 prosent av musea meiner at det vil ta meir enn 20 år å komme à jour.

Mykje digitalisert materiale er ikkje tilgjengelig for publikum

  • Berre om lag halvparten av det digitaliserte materialet er gjort tilgjengelig for publikum.
  • Det finst eit stort potensial for å stimulere til bruk av den digitaliserte kulturarven som ikkje er utnytta.

Har ikkje prioritert digitaliseringsarbeidet slik det er føresett

  • Først i 2016 har Arkivverket utarbeidd eit overordna kriteriesett for prioritering, og dei interne planane har fram til 2016 hatt lite spesifikke og målbare mål for digitalisering.
  • Over halvparten av musea manglar konkrete mål for kva resultat dei skal nå i sitt arbeid med digitalisering.

Departementet har i liten grad følgt opp

  • Det er lite styring frå Kulturdepartementet på digitaliseringsområdet.
  • Digitalisering er lite synleg i styringsdialogen, og det er få spor av at resultat blir vurderte eller følgde opp.

Handteringa av digitalt skapte arkiv er ikkje tilfredsstillande

  • Arkivverket har i liten grad oversikt over system i statleg sektor som produserer arkivverdig materiale.
  • Meir enn 200 arkiv- og journalsystem i statleg sektor er ute av administrativ bruk og krev oppfølging omgåande for å sikre dokumentasjonen.

Det er ikkje etablert ei felles løysing for langtidslagring

  • Arkivverket og Nasjonalbiblioteket skulle samarbeide om felles langtidslagring som også kunne nyttas av musea. Da samarbeidet stranda i 2010, blei det ikkje tatt grep frå departementet si side.
  • Fråværet av felles løysingar gjer at dei fleste musea i dag manglar ei ordning for langtidslagring av digitalisert materiale.

Tilrådingar

Riksrevisjonen tilrår at Kulturdepartementet:

  • styrkjer mål- og resultatstyringa ved å gjere det tydeleg kva for resultat ein skal oppnå i digitaliseringsarbeidet og følgje opp resultatoppnåinga i underliggjande etatar
  • sjår til at Arkivverket etablerer ei meir systematisk, heilskapleg og målretta verksemdsstyring for digitaliseringsarbeidet
  • leggjer til rette for at Arkivverket og Nasjonalbiblioteket samarbeider om langtidslagring, og at også museumssektoren får ei løysing for dette

Bakgrunn og mål

Samlingane i arkiv, bibliotek og museum er ein del av det felles nasjonale minnet vårt. Ved å digitalisere kulturarven kan ein ta vare på han for ettertida. Ein kan dessutan gjere han tilgjengeleg for og formidle han til folket utan at dei må oppsøkje samlingane fysisk.

Stortinget har lagt til grunn at fellesskapen har eit ansvar for å sikre kjeldene for kommande generasjonar og gi folket demokratisk tilgang til dei.

Målet med undersøkinga har vore å vurdere om styringa og verkemidla i arbeidet med digitalisering av kulturarven fremmar ei god måloppnåing.

Denne saken er ferdigbehandlet av Stortinget

Saken ble behandlet i Stortinget 9. mai 2017.

Les mer på stortinget.no
Kategorier: Digitalisering/ikt Kultur