Hopp til hovedinnhold

Eit år under omstilling

Eit år under omstilling

Året 2023 var eit spesielt år for Riksrevisjonen, særleg på grunn av forarbeidet til ny lov. Lova rammar inn korleis vi skal utføre samfunnsoppdraget vårt. I Grunnlova er oppgåva lagd til fem riksrevisorar som er valde av Stortinget, og jobben blir utført gjennom alle dei dyktige medarbeidarane i Riksrevisjonen. Vi ser fram til at Stortinget skal behandle lovforslaget, etter planen i første halvår 2024.

I løpet av året har Riksrevisjonens verksemd vore grundig gjennomgått, både gjennom evalueringar som allereie var planlagde internt, og gjennom evalueringar som blei gjennomførte særskilt for Riksrevisjonsutvalet.

Mykje er bra, til dels svært bra. I sommar blei det til dømes kjent at Riksrevisjonen er den offentlege verksemda som hadde nest høgast tillit i befolkninga blant alle dei undersøkte verksemdene, berre slått av Lånekassen.

Men evalueringane avdekte òg svakheiter. Derfor har vi sett i gang eit særskilt kvalitetsprogram som tek sikte på at dei avdekte svakheitene skal vere retta innan utgangen av 2024. Dette vil vi arbeide mykje med det komande året.

Samfunnet rundt oss er i stor endring, ikkje minst som følgje av dei moglegheitene som den digitale teknologien gir.

Året 2023 var òg prega av arbeidet med å meisle ut ein ny strategi for Riksrevisjonen for korleis vi skal møte den nye tida. Gjennom ei rekkje workshops og breie høyringar har mange vore involverte i arbeidet. Strategien vil òg vere i fokus det komande året.

Når den nye strategien tek til å gjelde 1. juli, skal vi vere i god rute med å rette opp feil og manglar «frå i går», ha brukt «ark og fargestiftar» til å teikne framtidas riksrevisjon og ha sikra at organisasjonen er innretta for å meistre dei oppgåvene som følgjer både av den nye lova og den nye strategien.

Vi som arbeider i Riksrevisjonen, er stolte av å forvalte eit samfunnsoppdrag som er så viktig for demokratiet og så viktig for tilliten i det norske  samfunnet.

Gjennom ei ny lov, ein framtidsretta strategi og ei målretta satsing på høg kvalitet er vi klare til å møte framtida. Slik skal arbeidet Riksrevisjonen gjer, og arbeidsdagen til alle våre tilsette bli endå meir relevant og endå meir  spennande.

Tusen takk til alle våre tilsette for at dei kvar dag står på for å gjere revisjon til nytte for morgondagens samfunn.

Til behandling i Stortinget

Vi sendte årsrapporten vår til Stortinget 10. april 2024.

Følg saken videre på stortinget.no

Eldre årsrapportar?

Leter du etter årsrapportar frå 2022 eller tidlegare? Send oss en e-post på postmottak@riksrevisjonen.no